Velkomen nr

mandag 23. april 2012

Denne helga har det vore VÅR med stor V her på Vestlandet. Me tok turen til Voss til svigerforeldra mine. Der var det varmt og vårleg i lufta, og fleire sikre vårteikn. 
Nydeleg lam meldte sin ankomst:
Bæ bæ vetle lam
Dei er så nydelege der dei pressar seg opp av jorda


 Det gjorde også nokre vakre vårblomar.

Eldstemann var tøff nok til å oververa ei lembing! Samstundes fekk han tatt seg ein skitur, det er nok den siste denne sesongen.
Litt nyfikne på kvarandre båe to


 Så no gler eg meg til meir varme i kinna, og at blomar og trær skal spretta for alvor. Undrast kva denne våren vil by på?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar