Velkomen nr

tirsdag 30. april 2013

Alle treng ein stillongs!

Enkel og kjekk stillongs i oransje bambus. Mønster har eg laga sjølv med utgangspunkt i ein vossatass stillongs. Gøy m stillongsar i glade fargar;) genser og bukse ryk jo ofte av, og då er det jo kjekt m noko sprekt under. Ha ein finfin 1 mai!

torsdag 4. april 2013

Luer og knytebukse

Vår i lufta og tid for lette jersey stoff! Ein liten nevø skal få knytebukse og lue, og ein anna nevø og niese henholdsvis lue og spisslue; )
Nyt tida på syrommet på stadig lysare kveldar;) eg og mannen har ei fin ordning, treningsdag annakvar kveld. Så når han er ute å joggar eller syklar, kan eg trø på sypedalen.
Snart helg,  vonar di blir fin. Her blir det familiebesøk, og m skal få koma feira ein 6 åring og sidan ein 85 åring!