Velkomen nr

mandag 26. november 2012

Monstertruck bukser

Stilt på bloggen, men ikkje stilt i heimen.. Gutane har fått kvar si nye bukse. No er det alltid stilongs innerst, og då er tynn bomullsbukse passe til inneleik..mønster frå "Barn igjen", med ribb oppe og nede.
Her i huset trengs mange "leikebukser", dei skittnar til minst ein om dagen kvar.

Ellers planlegg eg aktivitetskalenderen for adventstida, eg gleeer meg!

Ha ein flotte kveld. Eg har ei eksamensoppgåve er bør byrja på...

onsdag 10. oktober 2012

Lynet kaka!

M har jo hatt 4 års feiring! Då hadde eg gleda av å få laga kjekke kaka. Kan trygt sei at bursdagsgutn va nøgd, og gjestene med;)


lørdag 6. oktober 2012

Settekasse for gutar!

Dette blei genialt! Settekasse frå www.kremmerhuset.no til 79,-. Malt i fargen "sval sjø", og fyllt m lego! Trygt og godt når lillebror ikkje rekk opp! Storebror veldig fornøgd!


søndag 30. september 2012

Slepp apane fri!

Fiin fin søndagsmorgon med nye apegensera! "Tidlig vakt" kan somme tidar vera strevsamt, mn idag er begge gutane i godhjørna;) skal m gje apane æra? Nyt siste del av helga!
Neste prosjekt trur eg skal bli buff med for...





fredag 28. september 2012

Apegenser!

Sprelsk apegensar til ein liten luring! Den blei så kjekk, at det er snart to til ferdige til mine gutar også. For denne skal inn i ein presang! Herlig jersey bestilt hos www.leanne.no, og nok ein gong ribb frå mammo mi sitt lager.
Godt å få sydd noko igjen;feber og sying gjekk greit i hop!
Ynskjer deg ei flotte helg!


søndag 2. september 2012

Bukse til eldste gutt!

Så fekk eg prøvd å sy buksa i babycord til eldstemann. Fargen e mørke jade, mn kjem litt dårlig fram på bilde. Kommentaren frå guten var "dinna va skikkelig mjuk å god", verdens beste attest!
Ellers har m hatt oss ein søndagstur i duskregnet: herlig!
Neste utfordring får bli å sy lommer i buksene....veit du om ein god tutorial?


lørdag 1. september 2012

Enkel bukse!

Enkel bukse, men som så mange gonger ellers ofte det beste:-) god modell, mønster frå "barn igjen". Ribb ( frå mamma sitt uendelige lager) i livet og nede gjer at dei kan brukast lenge. Skal prøva mønsteret i babycord til eldstemann! Vonar du har ein flotte laurdagskveld:-)

fredag 31. august 2012

Jente genser!

Topp når nabojenta har bursdag;) då fekk eg sydd noko i jentestoff når tida strakk til i går kveld! Feer er søte greier! Gooood helg til deg! Mønster frå ottobre og tøy frå sydilla!


onsdag 29. august 2012

Monstertruck guttar!

Så var ottobre 3/2012 komt i hus, og då vart da strax nye gensera til gutysboys! Sydilla har sendt meg tøyet i posten, alle hjerter gleder seg. Hals og ermkant frå lageret t mor mi;) gler mg til å prøva fleire mønster frå ottobre! Luuuurt kjøp!





fredag 17. august 2012

Nye stoff i postkassa

Slikt er til å bli glad av. Gøye jersey stoff, kjøpt hos www.leanne.no!
Det må det jo kunna bli noko gøy av!!! Det finnst jo eit utall av artige stoff til småtroll som skal vera i bevegelse!


onsdag 15. august 2012

Knytebukse i jersey

Så blei da matchande knytebukse til minsten. Har sydd to i isoli, mn dei er endå for varme. Mn denne i jersey frå stoff og stil er perfekt til å utforske i <3 lett og laga for masse bevegelse!


mandag 13. august 2012

T skjorta

Så har eldstemann fått seg ny t- skjorta! Så har eg prøvd da og! Godt jersey stoff, sydd etter mal frå ei t skjorta han hadde frå før. Mn eg trur eg skal sjaffa mg eit t skjorte mønster. Har du eit mønster å anbefala?!


lørdag 21. juli 2012

Soverom for oss voksne

Endeleg nærmar det seg ferdigstiling av vårt soverom. Begynt å mala, og tapeten ligg klar (daylight serien til Fargerike)!
På syrommet driv eg med ting eg definitivt ikkje kan. Har ein nydeleg gallakjole, brukt ein gang. Den er (heldigvis) blitt ALT for stor. Så den skal syast inn, og kanskje leggjast opp til coctail lengd....wish me luck!



onsdag 11. juli 2012

Panneband og hua;)

Har fått sydd ei hua og eit panneband i kveld. Framgangsmåte fann eg her og her. Fin fint når andre som veit deler med oss som skal læra.
Og ja, overlock er framleis lika fantastisk som igår;) Det går sååååå mykje raskare!


Knytebukse til minsten;)

Åhh, kor kjekt det var å sy med overlock!  Minstemann har fått seg ei herlig mjuk knytebukse etter mønster frå Jubel.
Vonar du har ein flotte dag;)


tirsdag 10. juli 2012

Hurra for meg; overlock maskin til bursdagen!

Itte lang tystnad frå meg, kjem endeleg eit innlegg igjen! Og det er for å fortelja kva heldige meg fekk til bursdagen idag:-) jo, overlock maskin!! Hurra! Ei Janome 990D. Og då måtte eg jo prøva litt ikveld, då då blei det ei lita siklesmekke:-) du kor eg gjer meg til å bli god venn med den maskina!
Har du nokon gode overlock syings tips?
Ellers har det vore travelt her i det siste. Guteroma er blitt ferdige (minus straum), og badet nærmare seg veldig, herlig no når loftet husar seg.
Håpar du har ein herrrlige sumar!


torsdag 17. mai 2012

Kven skal hit?




Jo, det er oss det:) Vakre Rhodos er feriemålet i år! Og sidan fjoråret innebar lite på feriefronten pga av ei stykk høggravid meg og påfylgjande fødsel, så skal det verkeleg gjera seg med nokre late dagar under sola i år!
Blue Star – Mikri Poli Rhodes - Bilde 1
Hotellet i Kolymbia, på Rhodos, ser forlokkandes ut
Og sjølv om 17 mai feiringa i dag var fin, så var det lite som minna om sommarvarme. Kor skal DU på feire i år? Eller har du nokre gode ferietips eller reisemål? Legg gjerne igjen ein kommentar!
Ynskjer deg ei gooood helg!

lørdag 5. mai 2012

Den minste solstråla

Det har fått sett nokre bileter av den eldsteguten vår. Men minstemann har de ikkje fått helsa noko særleg på. Men her er han:
Minstegullet Isak

Skal eg vera blid, så er eg det med heile meg
Isak er blitt 9 mnd, og no er det pappen som har det ærefulle oppdraget å ta hand om han på dagtid. Eg har vore på jobb i tre veker, og synest det er godt! Med permisjon og ferie, så blir det ikkje barnehage før 20 august.
Håpar det gode smilet hans gjorde dagen din litt betre!
Håpar du har ei gode veka i vente.

tirsdag 1. mai 2012

Lykketing: Feirer 5 år med Give Away

Hiv og hoi!

Den sorte dame, skuta til Kaptein Sabeltann
Me har hatt ei fantastisk helg på Sørlandet! 
Pappen min blir 60 år i år. I den anledning inviterte foreldra mine med seg sine 5 born med familiar til Kristiansand. Reisefylgje vart då 11 vaksne og 7 små born!
Me budde på Rica Dyreparken frå fredag til måndag. Slik fekk me to heile dagar i dyreparken. Ein tur i badeland vart det òg.
Me hadde strålande fint ver, og helga gav mange fine minner!
I Dyreparken var det som vanleg mange rare folk og dyr; her ser du nokre av dyra:





På  veg heim på måndag, fekk eg meg ein tur innom stoff og stil, der kjøpte eg meg mellom anna denne fine voksduken:

 
Ja, me vart retteleg nøgde alle man. 
 
Så er det å ta fatt på resten av denne korte veka. Det er jo snart helg igjen:) Håpar DU får ei flotte veka!

mandag 23. april 2012

Denne helga har det vore VÅR med stor V her på Vestlandet. Me tok turen til Voss til svigerforeldra mine. Der var det varmt og vårleg i lufta, og fleire sikre vårteikn. 
Nydeleg lam meldte sin ankomst:
Bæ bæ vetle lam
Dei er så nydelege der dei pressar seg opp av jorda


 Det gjorde også nokre vakre vårblomar.

Eldstemann var tøff nok til å oververa ei lembing! Samstundes fekk han tatt seg ein skitur, det er nok den siste denne sesongen.
Litt nyfikne på kvarandre båe to


 Så no gler eg meg til meir varme i kinna, og at blomar og trær skal spretta for alvor. Undrast kva denne våren vil by på?

torsdag 19. april 2012

Tapetsert og malt

Jotun sin "sval sjø" på veggen, og Rush Hour frå Ferm Living på veggen

Her skal Isak bu
Her skal Gaute bu
Det er alltid spennande når tapet og maling kjem opp på veggen. Passar fargane? Blei det sånn som ein hadde sett føre seg? Og når ein kan ropa ein rungande JA på det, er lettelse stor. Det skal bli så utrulig kjekt når rommene vert ferdig. På desse to romma er det no tak og golv, samt listing igjen. På badet er det kome i takglas, og golvbelegget er lagt. Der gjenstår veggplatene og taket. Vårt soverom er berre ferdig plastra. Der må eg snart bestemma meg i tapetjungelen. Så alt for mykje fint å velgja i. Både tidlaus, klassisk og fint. Har du nokre gode tips, tek eg gjerne imot!


Malt med Jotun sin "gustaviansk blå", og tapetser  og Rush Hour, Ferm Living
 Ellers har første veka på jobb gått som ein vind! Ein dag til, så er det jo helg! Håpar du får ein nydeleg HELG!

mandag 16. april 2012

Strikket pute

Sjå kor fiiiin! Men, kan dessverre ikkje skryta øve å ha lagt den sjølv. Heldigvis for meg har eg verdas snillaste bestemor, og ho er snart storprodusent av desse;) Den fargerike stolen puta ligg i, har eg òg fått frå besteforeldrene mine når dei selde huset sitt.
Idag er det full fart ettrrmiddag. Barnetrim og fotballtrening. Og imåro byrjar eg på jobb igjen! Håpar DU får ei fine veka.

fin pute i kul stol.
nydeleg strikket pute

lørdag 14. april 2012

Lilla skjørt

Så har det blitt sydd eit enkelt jenteskjørt til. Mønster er ein kombinasjon av mønster frå Barn igjen, og av mønstert til barneskjørtet til LilleL.
Lilla jenteskjørt str 2 år

Sjølv om det er nydeleg vårsol ute er eg inne å syr litt. Minstemann er sjuk med feber, men heldigvis betre idag enn i går. Håpar det er av det slaget som går over av seg sjølv.
Og snart har det vore 1000 gjester her, fantastisk! Ha ei framleis strålande helg.

Sydilla.no: Stooooor Give away!!

Sydilla har ein fantastisk Give Away med trekning neste helg! Tenk så heldige dei som vinn!
Ein kjekk butikk med mange goooood bitar:)
Ha ei strålande helg.
Lekre sydilla stoff er første premie