Velkomen nr

tirsdag 30. april 2013

Alle treng ein stillongs!

Enkel og kjekk stillongs i oransje bambus. Mønster har eg laga sjølv med utgangspunkt i ein vossatass stillongs. Gøy m stillongsar i glade fargar;) genser og bukse ryk jo ofte av, og då er det jo kjekt m noko sprekt under. Ha ein finfin 1 mai!

torsdag 4. april 2013

Luer og knytebukse

Vår i lufta og tid for lette jersey stoff! Ein liten nevø skal få knytebukse og lue, og ein anna nevø og niese henholdsvis lue og spisslue; )
Nyt tida på syrommet på stadig lysare kveldar;) eg og mannen har ei fin ordning, treningsdag annakvar kveld. Så når han er ute å joggar eller syklar, kan eg trø på sypedalen.
Snart helg,  vonar di blir fin. Her blir det familiebesøk, og m skal få koma feira ein 6 åring og sidan ein 85 åring!

fredag 29. mars 2013

Raglankjole

Ei stykk glad jenta som straks blir 6 år har fått seg ny raglankjole. Babycord i fargane aqua og støv frå stoff og stil. Rosa knappa, pynteband frå Leanne og for frå ukjent...;) str 122 passa bra, mønster frå boka "Barn igjen".
God påske!

søndag 24. mars 2013

Sval sjø og drivved på syrommet!

Ja, eg trur m seier d passar perfekt! Sval sjø på 3 veggar, drivved tapet på ein vegg og framifrå utsikt rett til havs...;) god påske!

lørdag 23. mars 2013

Syrom!

Jippi! Eg har flytta inn på syrommet/mitt hobbyrom/gjesterommet. Siste rommet i huset er ferdig! Rakk d rett før 5 års dagen då m flytta inn.
Drivved tapet på ein vegg, liiiikar det!
Her skal det syast, malast møblar, og anna morro for meg;)
Her er bilete før me var heilt ferdig og innflytta.

Spisslue og hjelmlue

Det kjem stadig nye tanteborn til verda. Då er det kjekt å sy vårluer på denne tida.

onsdag 23. januar 2013

enkel t shirt

storegutt ynskte seg t shirt i dette stoffet, og slik blei det;) no blir han glad når han vaknar imåro!

tirsdag 22. januar 2013

jente t shirt

etter mønster frå ottobre. jersey frå stoff og still. ribb frå mi mors lager. har kje fått somla meg til stryking endå.. str 3 år.

også sydd ferdig ein jente thights som har venta lenge på tur. så ingen fleire ufo ar . siste ottobre ventes i posten; hurray!saman med FOE, har ikkje prøvd d til kanting endo. spanande.
ha ein flotte kveld.

mandag 21. januar 2013

lite sying og mykje sykdom

mn nokre siklesmekker og anna smått blir det innimellom. ellers syr eg fortsatt på loftstova. mn eg har snart malt ferdig veggene på syrommet. tapetet til den eine veggen ligg klar. så må mannen legge golv og liste. MEN det kan vel ikkje vera lenge til det er ferdig vel?! ;)
kosar mg m å sjå andre sine bloggar. så håpar eg på mange mnd utan sjukdom, no har m prøvd ut stort sett alle sortar her i huset...
ha ein flotte kveld!