Velkomen nr

tirsdag 1. mai 2012

Hiv og hoi!

Den sorte dame, skuta til Kaptein Sabeltann
Me har hatt ei fantastisk helg på Sørlandet! 
Pappen min blir 60 år i år. I den anledning inviterte foreldra mine med seg sine 5 born med familiar til Kristiansand. Reisefylgje vart då 11 vaksne og 7 små born!
Me budde på Rica Dyreparken frå fredag til måndag. Slik fekk me to heile dagar i dyreparken. Ein tur i badeland vart det òg.
Me hadde strålande fint ver, og helga gav mange fine minner!
I Dyreparken var det som vanleg mange rare folk og dyr; her ser du nokre av dyra:





På  veg heim på måndag, fekk eg meg ein tur innom stoff og stil, der kjøpte eg meg mellom anna denne fine voksduken:

 
Ja, me vart retteleg nøgde alle man. 
 
Så er det å ta fatt på resten av denne korte veka. Det er jo snart helg igjen:) Håpar DU får ei flotte veka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar