Velkomen nr

lørdag 24. mars 2012

To guterom!

Me flytta inn i huset vårt for ganske nøyaktig fire år sidan, deilig med nytt hus! No er me godt i gang med å gjera ferdig loftet. Me har forholdvis stort loft; loftstove og hall (som er ferdig), og fire soverom og eit bad som me jobbar med no.
Og no har eg fått byrja mala på guteromma. Det er framleis for uferdig til at de får sjå bileter frå romma, men eg skal visa dykk kva eg har valgt ut.
Eldsteguten vår Gaute får tre veggar malt med Gustaviansk Blå. På ein heilvegg blir det tapet frå Ferm Living, Rush Hour grey.
Tapeten på Gaute sitt rom, Rush Hour Grey - Ferm Living.




Gustaviansk blå.



Minstemann, Isak får dette på veggane sine. Tre veggar skal blir malt i Sval Sjø, sjølvsagt Jotun Sens. På ein heilvegg vert det same tapeten frå Ferm Living, men i fargen Petrol.
Tapetn på Isak sitt rom, Rush Hour Petrol - Ferm Living.

Tapetane har eg kjøpt på Retroliv, kjempe fornøgd med service frå dei.
Så no gledar me oss til romma etterkvart blir ferdige! Meir bileter kjem når det nærmar seg. Nyt resten av helga.

3 kommentarer:

  1. Takk for hyggelig besøk hos meg! Da fant jeg veien til deg også! Finfin blogg! Er selv ganske fersk enda i blogglandet, men det er givende gøy!!

    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Den blå fargen er jo bare nydelig... Gleder meg til å sjå det ferdig;-) og tapetene var jo utrolig stilige! Der må eg inn å se når vi skal lage gutterom... Fortsatt god helg! Klem!

    SvarSlett
  3. Du e hjertelig velkommen Hilde;) du må komme en tur før permisjonen min er ferdig! Og ja, fargane ser heeeilt strålandes ut på veggen;)

    SvarSlett

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar