Velkomen nr

mandag 12. mars 2012

Årets farge er grønt!


Endeleg er den lyse grønne tallerkenhylla mi ferdig malt.
Skuffefrontane har fått seg tapet, men manglar framleis knottar





Fargerike har kåra grønt til årets farge! Så utruleg flott for meg som elskar grønt! Og aller mest synest eg om den lyse lyse grøne. No er tallerkenhylla som eg fekk tak i før jul ferdig malt. Den vart berre nydeleg! Eg gler meg til den kjem opp på kjøkkenet:) Der har allereie den fiiine oppslagstavla kome på plass. Den skal eg visa bilete av om ikkje så lenge. Det er ei gammal oppslagstavle eg hadde som lita, som har fått ny farge på ramma, same tapeten som på skuffene, og nytt tøy.
Også ein kommode har fått seg eit strøk med denne fargen. Eg trur eg kunne brukt denne fargen på alt eg har i huset. Fann forresten fargekoden hos Livs lyst, enig med ho at det er den perfekte grøn fargen. Passe nostalgisk, og passar godt saman med det mesta.Godt det framleis er mykje att i spannet.
Ha ei strålande flott måndag!

2 kommentarer:

  1. So kjekt. Velkommen i bloggverden. Gler meg til å følgja deg.
    Heilt enig. Den grønfargen er nydelig.Kjem nok snart i huset her og. Ein anna fin farge er isvann. Passar i grunn godt til den grønne.

    Klem Lene

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk;) har vore mykje kvitt, og d er framleis fint. Men eg synest det er då fint å spe i med slike duse fargeklattar;)

      Slett

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar