Velkomen nr

torsdag 19. april 2012

Tapetsert og malt

Jotun sin "sval sjø" på veggen, og Rush Hour frå Ferm Living på veggen

Her skal Isak bu
Her skal Gaute bu
Det er alltid spennande når tapet og maling kjem opp på veggen. Passar fargane? Blei det sånn som ein hadde sett føre seg? Og når ein kan ropa ein rungande JA på det, er lettelse stor. Det skal bli så utrulig kjekt når rommene vert ferdig. På desse to romma er det no tak og golv, samt listing igjen. På badet er det kome i takglas, og golvbelegget er lagt. Der gjenstår veggplatene og taket. Vårt soverom er berre ferdig plastra. Der må eg snart bestemma meg i tapetjungelen. Så alt for mykje fint å velgja i. Både tidlaus, klassisk og fint. Har du nokre gode tips, tek eg gjerne imot!


Malt med Jotun sin "gustaviansk blå", og tapetser  og Rush Hour, Ferm Living
 Ellers har første veka på jobb gått som ein vind! Ein dag til, så er det jo helg! Håpar du får ein nydeleg HELG!

6 kommentarer:

  1. Superkul tapet!!
    Heldige gutterom!

    God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Så utrolig fint det blir;-) Kjempe stilig tapet!

    SvarSlett
  3. Tusen takk:) ja, veeeldig fornøgd med tapet!

    SvarSlett
  4. Skikkeleg fint rom!! Den biltapeten er berre så tøff! Hadde vi hatt gut i familien skulle han og fått denne:))
    Du spurte etter fargekoden på det turkise skapet mitt. Og den er:
    S0530-B50G
    Kjekt at du likte det:)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar