Velkomen nr

lørdag 21. juli 2012

Soverom for oss voksne

Endeleg nærmar det seg ferdigstiling av vårt soverom. Begynt å mala, og tapeten ligg klar (daylight serien til Fargerike)!
På syrommet driv eg med ting eg definitivt ikkje kan. Har ein nydeleg gallakjole, brukt ein gang. Den er (heldigvis) blitt ALT for stor. Så den skal syast inn, og kanskje leggjast opp til coctail lengd....wish me luck!



onsdag 11. juli 2012

Panneband og hua;)

Har fått sydd ei hua og eit panneband i kveld. Framgangsmåte fann eg her og her. Fin fint når andre som veit deler med oss som skal læra.
Og ja, overlock er framleis lika fantastisk som igår;) Det går sååååå mykje raskare!


Knytebukse til minsten;)

Åhh, kor kjekt det var å sy med overlock!  Minstemann har fått seg ei herlig mjuk knytebukse etter mønster frå Jubel.
Vonar du har ein flotte dag;)


tirsdag 10. juli 2012

Hurra for meg; overlock maskin til bursdagen!

Itte lang tystnad frå meg, kjem endeleg eit innlegg igjen! Og det er for å fortelja kva heldige meg fekk til bursdagen idag:-) jo, overlock maskin!! Hurra! Ei Janome 990D. Og då måtte eg jo prøva litt ikveld, då då blei det ei lita siklesmekke:-) du kor eg gjer meg til å bli god venn med den maskina!
Har du nokon gode overlock syings tips?
Ellers har det vore travelt her i det siste. Guteroma er blitt ferdige (minus straum), og badet nærmare seg veldig, herlig no når loftet husar seg.
Håpar du har ein herrrlige sumar!