Velkomen nr

tirsdag 30. april 2013

Alle treng ein stillongs!

Enkel og kjekk stillongs i oransje bambus. Mønster har eg laga sjølv med utgangspunkt i ein vossatass stillongs. Gøy m stillongsar i glade fargar;) genser og bukse ryk jo ofte av, og då er det jo kjekt m noko sprekt under. Ha ein finfin 1 mai!

torsdag 4. april 2013

Luer og knytebukse

Vår i lufta og tid for lette jersey stoff! Ein liten nevø skal få knytebukse og lue, og ein anna nevø og niese henholdsvis lue og spisslue; )
Nyt tida på syrommet på stadig lysare kveldar;) eg og mannen har ei fin ordning, treningsdag annakvar kveld. Så når han er ute å joggar eller syklar, kan eg trø på sypedalen.
Snart helg,  vonar di blir fin. Her blir det familiebesøk, og m skal få koma feira ein 6 åring og sidan ein 85 åring!

fredag 29. mars 2013

Raglankjole

Ei stykk glad jenta som straks blir 6 år har fått seg ny raglankjole. Babycord i fargane aqua og støv frå stoff og stil. Rosa knappa, pynteband frå Leanne og for frå ukjent...;) str 122 passa bra, mønster frå boka "Barn igjen".
God påske!

søndag 24. mars 2013

Sval sjø og drivved på syrommet!

Ja, eg trur m seier d passar perfekt! Sval sjø på 3 veggar, drivved tapet på ein vegg og framifrå utsikt rett til havs...;) god påske!

lørdag 23. mars 2013

Syrom!

Jippi! Eg har flytta inn på syrommet/mitt hobbyrom/gjesterommet. Siste rommet i huset er ferdig! Rakk d rett før 5 års dagen då m flytta inn.
Drivved tapet på ein vegg, liiiikar det!
Her skal det syast, malast møblar, og anna morro for meg;)
Her er bilete før me var heilt ferdig og innflytta.

Spisslue og hjelmlue

Det kjem stadig nye tanteborn til verda. Då er det kjekt å sy vårluer på denne tida.

onsdag 23. januar 2013

enkel t shirt

storegutt ynskte seg t shirt i dette stoffet, og slik blei det;) no blir han glad når han vaknar imåro!