Velkomen nr

torsdag 17. mai 2012

Kven skal hit?




Jo, det er oss det:) Vakre Rhodos er feriemålet i år! Og sidan fjoråret innebar lite på feriefronten pga av ei stykk høggravid meg og påfylgjande fødsel, så skal det verkeleg gjera seg med nokre late dagar under sola i år!
Blue Star – Mikri Poli Rhodes - Bilde 1
Hotellet i Kolymbia, på Rhodos, ser forlokkandes ut
Og sjølv om 17 mai feiringa i dag var fin, så var det lite som minna om sommarvarme. Kor skal DU på feire i år? Eller har du nokre gode ferietips eller reisemål? Legg gjerne igjen ein kommentar!
Ynskjer deg ei gooood helg!

lørdag 5. mai 2012

Den minste solstråla

Det har fått sett nokre bileter av den eldsteguten vår. Men minstemann har de ikkje fått helsa noko særleg på. Men her er han:
Minstegullet Isak

Skal eg vera blid, så er eg det med heile meg
Isak er blitt 9 mnd, og no er det pappen som har det ærefulle oppdraget å ta hand om han på dagtid. Eg har vore på jobb i tre veker, og synest det er godt! Med permisjon og ferie, så blir det ikkje barnehage før 20 august.
Håpar det gode smilet hans gjorde dagen din litt betre!
Håpar du har ei gode veka i vente.

tirsdag 1. mai 2012

Lykketing: Feirer 5 år med Give Away

Hiv og hoi!

Den sorte dame, skuta til Kaptein Sabeltann
Me har hatt ei fantastisk helg på Sørlandet! 
Pappen min blir 60 år i år. I den anledning inviterte foreldra mine med seg sine 5 born med familiar til Kristiansand. Reisefylgje vart då 11 vaksne og 7 små born!
Me budde på Rica Dyreparken frå fredag til måndag. Slik fekk me to heile dagar i dyreparken. Ein tur i badeland vart det òg.
Me hadde strålande fint ver, og helga gav mange fine minner!
I Dyreparken var det som vanleg mange rare folk og dyr; her ser du nokre av dyra:





På  veg heim på måndag, fekk eg meg ein tur innom stoff og stil, der kjøpte eg meg mellom anna denne fine voksduken:

 
Ja, me vart retteleg nøgde alle man. 
 
Så er det å ta fatt på resten av denne korte veka. Det er jo snart helg igjen:) Håpar DU får ei flotte veka!