Velkomen nr

fredag 6. april 2012

Oppslagstavle

Lyse grønn tavle med klassisk tapet
Eg ville visa dykk oppslagstavla mi som no heng på kjøkkenet. Den hadde eg på rommet som lita jenta,men såg ut som om den hadde gjort si teneste. Den var trekvit, eller skal me sei tregul. Stoffet var morkna, og korktavla oppbrukt. Så blei ramma malt med den lyse grønne fargen, korken tapetsert og rutene nederst påsydd nytt stoff med lommer. Og no er den igjen kome til nytte :) Og atter igjen; grønt er virkeleg årets farge! Og no er kjøkkenet vårt så godt som ferdig. De gjenstår kun å kobla til dei nye stikkontaktane og spottane. Men det skal elektrikaren få gjera:)
Håpar de brukar påsken til noko som gir dykk overskot og gleda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar