Velkomen nr

torsdag 15. mars 2012

Mitt kvitmalte skap

Det kvitmalte skapet, ein av mine favorittar i heimen.
 Sjølvsagt har det også vore ein del kvitmaling på kosten. Dette skapet var også i lakkert furu. Men med grunning og tre strøk kvitmaling så vart framtoninga ei anna.
Små detaljar løftar inntrykket


Nye knottar vart det også, dei kjøpte eg på Mammas Hus.
No står det fyllt med fin service mitt, dei rommar utruleg mykje slike skap!
Mykje arbeid tenkjer du? Nei, mindre enn forventa egentlig! Store flater er raske å mala. Det som tok mest tid var å mala inne overskapa. Inne dei lukka skapdørene malar eg ikkje. Nokon meiner det er juks, men pytt på. Kor ofte opnar ein dei dørene? Og gjer det noko om det er furufarga inne? Ikkje for min del. Eg gler meg stort over korleis det blei.
Det fine skiltet har eg kjøpt på Malenes, ho har forresten nyopning idag; spennande!
Ha ein flotte dag

4 kommentarer:

  1. Så fin blogg, og så mye fint! Her kommer eg gjerne igjen;-) Klem fra Hilde!

    SvarSlett
  2. Kjempe fint:) Utrulig koss litt maling kan forvandla ein ting.
    Nei inni skapet har vel igrunn ingen betydning. Nydelige knottar:)

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, maling kan gjera underverk! God helg;)

      Slett

Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar