Det er ikkje berre tallerkenhylla mi som er blitt grøn. Eg fekk ein furukommode av mor til ein mine gode naboar. Den hadde allereie fine kvite knottar, men hadde godt av maling for å koma til sin rett. Då var det berre til å kaste seg over spannet med
den lyse grønne malinga i.
 |
Lyse grønn kommode som står i stova mi |
Den blei nydelig! Masse god plass, og fin å ha ståande framme. Billig var den også:) Så ta fram malekosten, og sjå kor mykje fint ein kan få til. Maling gjer umiddelbart resultat, og er lett å få til. Sjølv svergar eg til
Jotun Sense, pga av barn med astma. Synest den er heilt super å jobba med! Men det er vel verdt å spandera på seg nokre gode kostar:)
 |
Dei fine kvite knottane stod på når eg kjøpte den |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kjekt om du vil leggja igjen ein koseleg kommentar