Velkomen nr

mandag 23. april 2012

Denne helga har det vore VÅR med stor V her på Vestlandet. Me tok turen til Voss til svigerforeldra mine. Der var det varmt og vårleg i lufta, og fleire sikre vårteikn. 
Nydeleg lam meldte sin ankomst:
Bæ bæ vetle lam
Dei er så nydelege der dei pressar seg opp av jorda


 Det gjorde også nokre vakre vårblomar.

Eldstemann var tøff nok til å oververa ei lembing! Samstundes fekk han tatt seg ein skitur, det er nok den siste denne sesongen.
Litt nyfikne på kvarandre båe to


 Så no gler eg meg til meir varme i kinna, og at blomar og trær skal spretta for alvor. Undrast kva denne våren vil by på?

torsdag 19. april 2012

Tapetsert og malt

Jotun sin "sval sjø" på veggen, og Rush Hour frå Ferm Living på veggen

Her skal Isak bu
Her skal Gaute bu
Det er alltid spennande når tapet og maling kjem opp på veggen. Passar fargane? Blei det sånn som ein hadde sett føre seg? Og når ein kan ropa ein rungande JA på det, er lettelse stor. Det skal bli så utrulig kjekt når rommene vert ferdig. På desse to romma er det no tak og golv, samt listing igjen. På badet er det kome i takglas, og golvbelegget er lagt. Der gjenstår veggplatene og taket. Vårt soverom er berre ferdig plastra. Der må eg snart bestemma meg i tapetjungelen. Så alt for mykje fint å velgja i. Både tidlaus, klassisk og fint. Har du nokre gode tips, tek eg gjerne imot!


Malt med Jotun sin "gustaviansk blå", og tapetser  og Rush Hour, Ferm Living
 Ellers har første veka på jobb gått som ein vind! Ein dag til, så er det jo helg! Håpar du får ein nydeleg HELG!

mandag 16. april 2012

Strikket pute

Sjå kor fiiiin! Men, kan dessverre ikkje skryta øve å ha lagt den sjølv. Heldigvis for meg har eg verdas snillaste bestemor, og ho er snart storprodusent av desse;) Den fargerike stolen puta ligg i, har eg òg fått frå besteforeldrene mine når dei selde huset sitt.
Idag er det full fart ettrrmiddag. Barnetrim og fotballtrening. Og imåro byrjar eg på jobb igjen! Håpar DU får ei fine veka.

fin pute i kul stol.
nydeleg strikket pute

lørdag 14. april 2012

Lilla skjørt

Så har det blitt sydd eit enkelt jenteskjørt til. Mønster er ein kombinasjon av mønster frå Barn igjen, og av mønstert til barneskjørtet til LilleL.
Lilla jenteskjørt str 2 år

Sjølv om det er nydeleg vårsol ute er eg inne å syr litt. Minstemann er sjuk med feber, men heldigvis betre idag enn i går. Håpar det er av det slaget som går over av seg sjølv.
Og snart har det vore 1000 gjester her, fantastisk! Ha ei framleis strålande helg.

Sydilla.no: Stooooor Give away!!

Sydilla har ein fantastisk Give Away med trekning neste helg! Tenk så heldige dei som vinn!
Ein kjekk butikk med mange goooood bitar:)
Ha ei strålande helg.
Lekre sydilla stoff er første premie